Skrevet av Sverre Sævareid,
12.11.2012
Husankongen og Harald Johnsen held fram med å vinne
På ein kveld der hesteeigarkanna glapp både for kald- og varmblodshestane, set Husankongen og Harald «magic» Johnsen støtt fast på trona. Dei fekk ein litt dårleg start, og Harald måtte ta opp hesten etter at startbilen slapp feltet. Han la seg så til som 3.hest i andresporet, låg deretter som andre, til om lag 600 meter stod att. Då gjekk han, som vanleg, fram og tok leiinga. Då dei starta oppløpet sa han takk for laget og vann som han ville.
Lykkje Tufs, eigd av Frode Husbyn og kuska av Atle Solhus, tok andreplassen. Vikan Lita og Jomar Blekkan, fekk fjerde og Hergas Sokken sjette.
Bra fangst i det løpet. Men det var og mest alt vi kunne glede oss over.
Pondus starta ikkje og Bagpipe fekk, som eg skreiv før løpet, ei for lang og tung reise. Jamvel for ein så god hest er det grenser for kva han har krefter til. Vinnar av kanna vart vel fortent Amanda Robertsen og Seaborn Simona. Amanda minnes vi frå fleire ponniløp på travbanen vår. No har ho bytta ponnien med denne 3-år gamle hoppa. Det er lite truleg ho angrar det bytet i dag.
Frode kjørte Kastor Håbegård inn til andreplass for eigarane: Hilde Gunn og Karina Vudduaune.
Karina var og ivrig innan ponnitravet for nokre år sidan.