Laaange galoppar

Skrevet av Sverre ,  19.05.2015

Det enda med galopp for Filiokus på Leangen i går. Ho starta godt og låg fint til i feltet gjennom heile løpet. Heilt til oppløpet starta. Då vart det galopp,- og ho kom ikkje nedpå før løpet var kjørt. Synd.

3-åringen,Mølleslettens Linna ,fekk og ein god start, og leia fram til første bortre langside Då kom Bjørn Garberg og pressa ho over i ein galopp som ikkje slutta før ho låg sist. Derifrå og inn gjorde ho eit godt løp, men for seint for ei god plassering. Linna har galoppert i alle løpa hennar til no. Utan galopp vil ho bryte 40-grensa.