Skrevet av Svere,
27.01.2021
Lagets varmblods 2020: R.M.G. Lady In Red
Lady vart Lagets hest i fjor og. Ho er 4 år og eigd av Marie og Joar Leirfall. Saman med Geirmund Klevan.
Dei har avla ho på eigen stall. Mor er Key To Come. Far: Orlando Vici (FR)
Lady er med andre ord ein lagshest på fleire måtar.
Ho starta i 18 løp, vann 7, var på trippelen i 12, og uplassert i eit løp.
Bestetida,14,5, er banerekord på Leangen for 4-årige hopper med voltestart.
Dag-Sveinung Dalen kjørte ho i dette løpet. Elles var det Jomar Blekkan som kuska. Han vann mellom anna eit V75-løp sist i november og vart tredje i hoppefinalen for 4-åringar på Bjerke like før jul.
Tor Arne Eggen trenar hoppa.
Premiesummen for heile året vart 215500 kroner.