Leangen 5.mars: Andreplass til Alfalfa og Anne Guro Dahle.

Skrevet av Sverre Sævareid,  06.03.2012
Artikkelbilde

Alfalfa gjekk eit godt løp på Leangen i går. Arve Sjoner la seg til i tredje innvendig. Då det kom til oppløp låg han som nr to, men  kom seg ikkje fri. Aflalfa sprang i mål til andre plass. Då hadde han framleis  øyreproppane  i, kunne eigar Jørgen Midtlyng fortelje.  Gjølmes Super og Bjørn Garberg vann løpet.

Anne Guro Dahle rei Vorset Jokern i 3. løp. Vallaken er eigd av Elin Olsen, Bosberg. Anne Guro rei offfensiv frå start, men fekk  ikkje tet. Ho la seg bak leiar,Tranmælssvarta.  Anne Guro rei eit godt disponert løp, og  Jokern hadde krefter att til oppløpet. Ho kunne likevel ikkje hindre at Liv Pedersen med favoritten.  Bo Jular,(Lars Oksvold)  storma fram og  vann klart.

Leo Even gjorde som eg føreslo før løpet: la seg til rette bak ein rygg. Eg skreiv likevel ikkje at han skulle legge seg sist, slik kusken, Harald Johnsen valde. Det vart eit svært langstrekt felt, og Leo Even hadde ingen sjanse til å nå heilt fram då han starta opphentinga på siste borte langside. 6.plass og ny rekord:37,9 er likevel ein lovande start på karrieren for vallaken til Miguel Borrego. Favoritten Vang Eilif, eigd av Rolf Rønning og kjørt av Atle Solhus vann.

I dameløpet kjørte Lena Valstad,  Mai Elena inn til 5.plass.