Skrevet av Sverre Sævareid,
02.07.2012
LEO EVEN vinn med knapp margin
Leo Even og Odd Arne Kjøsnes tok tidleg komandoen i løpet og vann sikkert, jamvel om Høiby Rauen og Jomar Blekkan kom sterkt på sluttten.
Leo Even har hatt ei svært jamt stigande prestasjonskurve. Han starta med å bli nr 7 i desember i fjor. Deretter har han avansert gradvis oppover: 6,5, så 3,2 og i kveld: førsteplass !
Leo Even var favoritt mellom spelarane. Gratulasjonane går til eigar: Miguel Borrego, til trenar og kusk Odd Arne Kjøsnes, - og til oppdrettar: Jan Frode Holltrø. Leo Even er son av Pål Even og Trygg Terna.
Touched By An Angel , Folkehesten, gjorde det og bra. Frode Husbyn plasserte seg som nr 3 inne ved lista. Her vart han liggjande til oppløpet starta. Då gjekk Beatles BR ut og gav opning for Frode, som kom i mål som nr 3.Favoritten, hoppa til Amanda Robertsen, Seaborn Simona, vann på gode 17,6.
Vikan Lita, hoppa til Linda Bremvåg kom i mål som første uplasserte, men til ny rekord :1,31,4, og til same tid som nr 6. Det må ein kunne kalle «stang ut» i desse fotballtider.
Trons Pila fekk andreplass i sitt løp på Hagmyren i kveld. Noralf Brækken kjørte som vanleg hoppa til Jon Olav Dahlø og Birgit Venn.Løpet var 2660 m og tida vart 26,6.
Elles kapra Lykkelandets Oscar, vallaken til Morten Krogh og Kjell Hvidsand premie i sitt løp på Leangen