Lykkje Tufs på trippelen

Skrevet av Sverre Sævareid,  15.11.2012
Artikkelbilde
Naipin Surprise og Odd A Kjøsnes jagar ny premie på mandag

 

På mandag er det berre  to av våre hestar som startar,  - og begge er frå stallen til Frode Husbyn.

Lykkje Tufs skal starte i eit ungdomsløp, - og det er Andreas Løvdal som skal kjøre. Han er 16 år og kjem frå Vegårshei. Han har fått to premiar på Sørlandets travpark tidlegare i år. På Leangen har han starta berre  ein gong,- då utan premie. Trav- og Galoppnytt har han som andreval, etter Drømme Jenta. Vallaken  synest vere i god form for tida,- så sjansen for ein ny premie til Andreas er god

Premiesjanse har og vallaken til Tor Unsgaard, Naipin Surprise. Odd A Kjønsnes skal kjøre. Han er den kusken som har kapra flest premiar. Mandag er ein ny sjanse. Jomar Blekkan har ikkje tru på seier, men det kan godt bli premie. Det var han som kjørte sist han starta.