Magne døde tysdag den 14. juli på Hegra sjukeheim, snart 85 år gamal.
For 5 år sidan var Magne aktiv på dugnad for travlaget.(bildet)
Magne var ingen pratmakar. Han handla meir enn han snakka.
Likevel vil mange minnast replikkane hans med glede.
Som då han skulle setje ein unghest i profesjonell trening,- og det vart ymta frampå om at denne hesten verka lovande; «Ja, - men eg har nå enno ikkje fått heim ein levande hest frå denne stallen...»
Trass dårleg erfaring var Magne trufast mot trenaren,- som han var mot andre.
Tallause er lokalkjøringane han og tvillingbroren, John, tok del i.
I løpa eg minnest var det oftast Harald Johnsen som var kusk. Emiljenta var den siste han reiste med. Ho vann mange premiar.
På totobanen var det som alt nemnt ikkje like gode resultat.
Magne stilte alltid opp ved dugnadar. Han var arbeidssam og sa ikkje stort,- men det kunne falle nokre gullkorn.
Han var æresmedlem i travlaget.
Tysdag 28. juli vert han gravlagt frå Hegra kirke.
Travlaget si helsing lyder:
«Takk for den trufaste innsatsen,
- og den gode replikken din»
Det er trist at han for alltid er borte.I