Skrevet av Sverre Sævareid,
16.10.2012
Mai Elena og Jomar Blekkan vinn januar 2011
Lena Valstad og Mai Elena stod for den beste prestasjonen mandag kveld. Dei kom i dryge spor rundt sistesvingen og tana raskare enn alle andre mot mål. Vidar Lorentsen trudde ho vart først, men målfotoet synte dessverre at Lykkje Svarten var framom. Tida vart den same: 30,6, som er tangering av rekorden hennar over full distanse. Karisma fekk 5.plass i same løpet.
Ødeli Blessen fekk galopp, men likevel premie i sitt løp.
Alfalfa vart i kveld kuska av Bjørn Garberg. Han fekk ein god posisjon bak leiaren, Cabana Boy. Guten var stri og drog friskt unna, men trøytna mot slutten. Då kom Arne Nilsen med vinnaren: Carmela`s Wallet. Alfalfa kapra 3.plassen med tida 17.0.
3.plass fekk og Trons Pila. Ho låg bak favoritten, Frakast ,som tredje i andresporet, og angreip saman med han ut på oppløpet. Frakast vann spurten framfor Lykke Even.