Skrevet av Sverre,
15.01.2019
Vår siste helsing til Mali
Mali Vikan er død
Mali Vikan døde 4. januar i år, 94 år gamal. Ho vart, saman med ekefellen Johan Petter Vikan, æresmedlem i Stjørdal travsportforening på 1990-talet.
Malis store innsats for travlaget var i tida frå 1950-åra og fram til Johan Petter døde i 1996.
Mali var medeigar i fleire av hestane til Johan Petter. Den største innsatsen til Mali var i travhytta, Ho stillte trufast opp og tok ansvar for at hytta var rein og triveleg. Og at det var mat til alle.
Mali var sosial, humørfylt og triveleg å møte for dei som kom til kjøringane våre.
Å dele ut Johan Petter Vikans minnepokal til vinnaren, Jo Leirfall i 2010, var siste oppdraget hennar for oss.
Vi lyser fred over minnet hennar.