Skrevet av Sverre,
19.01.2018
Martine og Seter Birk
Erlend Gutteberg og Mette Johnsen har siste året gjort det svært bra med hestane sine. Særleg Helle Spik har triumfert. Han vann 12 løp og kjørte inn 350 tusen i 2017. Martine er dotter deira. Ho går no siste året på Mære landbruksskole. Her har ho gått linja for hest og hovslagarfag.
Eg spør ho kva rolle ho har hatt for dei gode resultata. Martine svarar smålåtent at rolla hennar har vore liten siste året. Foreldra har stått for treninga mest utan hennar hjelp. Eg har for det meste stått på sidelina, seier ho.
Martine vart med i travsporten i 2007. Ho kjørte 68 ponniløp i alt og vann 12 av dei. Frå 2010 hadde ho Godtlandsrussen Havanna Trot. 2016 avslutta ho ponnikjøringa og samla seg om dei større hestane. Martine starta med ponnitrav same år som favoritthesten hennar, Seter Birk, vart fødd. Denne hesten har ho hatt med seg til Mære ein periode. Då vart det mindre fokus på travtrening, og meir dressur og bom. Han er roleg, snill og likar lære. Dei hadde trivelege økter saman. Ho kjørte han og i lokalkjøringar.
Men Martine har ikkje berre stått på sidelina. Når ho er heime tek ho seg turar til stallen. Ho har då hatt økter med Helle Spik. Han er meir energisk og uroleg enn Seter Birk. Martine har difor øvd han på å roe seg ned. Ho har ridd han roleg i skritt i skog og mark, og lært han litt sjenklar. Målet har vore å stresse ned. Seter Birk har og nokre gonger vore med på rideturane. Martine opplever at dette fungerer fint.
Som del av opplæringa på Mære har Martine hatt periodar ho har arbeidd ved andre stallar. Ho var to veker hos Veronica Bugge og ei helg kvar månad hos Anne Kvikne Moe. Martine opplevde dette gjevande og lærerikt. Veronica imponerte ho med særs god arbeidsmoral. (Kan hende for god, – min merknad). Hos Anne næmner ho særleg arbeidet med Master De Pan. Han har starta 4 gonger: vunne 3 og vart toar i det fjerde løpet.
Martine har ikkje funne tid til å ta ut kjørelisens i skuletida, - men det kan hende det blir til slutt, seier ho
Vi ser fram til det.