Medlemsmøtet: lys og vatn

04.05.2012

 Ti personar møtte fram. Mange punkt vart drøfta. Mellom anna: Nye Leangen, Nord-Trøndercupen og travanlegget vårt.

Ved anlegget er det enno  mykje å ta tak i. Viktigast oppgradering av påselingsbommane og innlegging av vatn. To av  medlemene fekk i oppgåve å arbeide vidare med ein ide til ei rimeleg, men god nok løysing av vassproblemet. Elles vart det planlagt dugnadar for å gjere anlegget betre.

Sjølve banen er i svært god stand, - mykje takka rett  bruk av den nye skrapa vi skaffa oss i fjor. Det neste på ynskjelista er lys på banen og ei rettstrekke.

Det vart og drøfta kurs. Fleire idear kom fram. Mellom dei  praktisk bruk av pulsteljar og trening av unghest.

Sist, men ikkje minst vart det snakka hest.