Naipin Surprise med ny triumf

Skrevet av Sverre Sevareid,  23.06.2010
Artikkelbilde
Favorittsiger i V75-2 til Suverene Naipin Surprise og fornøgd kusk Frode Husbyn ©hesteguiden.com

Under V 75 –kjøringa på Leangen tok Naipin Surprise og kusken, Frode Husbyn sin tredje siger på rad.

Ekvipasjen fekk eit fin løp. Dei kom raskt til tet og fekk dempa tempoet. Dei innfridde favorittstempelet og då Aprilla og Gunnar Austevoll kom sterkt mot slutten, svara dei opp og sigeren var klår då dei passerte mållina. I tidlegare løp har dei lagt seg bak i feltet og gått fram til siger bakfrå. No vann han også frå tet.

Vallaken er eigd av Tor Unsgaard, og står oppstalla hos Frode Husbyn. Det var ein glad eigar eg møtte i stallen etter løpet. Tor står for det meste av stell og trening. Han hadde fått ein frostskade under trening no i kulda, men det la liten dempar på gleda.” Det er slikt som dette vi drøymer om ”, fortalde han oss frå vaskeboksen. Hesten stod roleg og kosa seg då han vart svampa, tørka og stelt. Naipin Surprise skal ut i nytt løp på Leangen alt på tysdag.

Trons Pila

Trons Pila, eigd av Jon Olav Dahlø og Birgit Venn, levde og opp til forventingane spelarane hadde. Trons Pila og kusken, Noralf Brækken, var tippa som nr to i mål. Det vart dei og, men dei kom sterkt mot slutten og fekk same tid som vinnaren: Huldre Klaff og Tom Erik Solberg. Brækken gav Pila ei fin reise  fram til oppløpet. Der fekk han opning i første spor, og Pila levde opp til namnet sitt, - men kom likevel ein hestemule for seint denne gongen.

Anne Guro toer i dramatisk montéløp

Det vart dramatikk under monteløpet, som opna stemnet. Silver Time fekk gallopp og Silje Hogner som rei hesten, streva med å få dradd han ut mot gjerdet. Ho vart hindra av ein annan ekvipasje og då ho endeleg kom fri missa hesten ballansen og Silje ramla av. Det såg stygt ut, men ho klarte etter ei stund å gå til ambulansen som kom.

Anne Guro Dahle rei favoritten, Creeks Tamina. Dei kom til tet då ein runde stod att og hadde ei klår leiing då oppløpet starta. Men Creek's Tamina var sliten og Anne Guro Dahle matte slite hardt for å få hesten til mål. Dei vart slått på målstreken og enda som nr to. Annika Gresseth og Acers Beauty vann.