Naipin Surprise overraskande god i dag

Skrevet av Sverre Sævareid,  21.05.2012
Artikkelbilde
Naipin Surprise og Odd Arne Kjøsnes

 

 

Etter fleire løp der Vallaken til Tor Unsgaard ha galloppert og blitt diska, slo han til og tok føringa i Lunchtravet på Leangen i dag. Etter første runde enda han bak favoritten, Crusow, - og vart liggande som andrehest heile siste runden. Tida vart gode 14,9.

Tor fortel at hesten fekk ein strekk i ryggen, - og at denne skaden truleg er grunnen til at dei to siste monteløpa har enda i gallopp. No er han frisk og fin og skal berre ta det med ro og lade opp til sommartravet.

Bra gjorde og Spang Draupner det på Biri 16 mai. Den 4-årige hingsten til Ruth Auran fekk eit perfekt ryggløp, bak favoritten, Tangen Jerven. Edvard Kristiansen kjørte inn til ny bestetid: 31,9 og andreplass.