Naipin Surprise toar. Eldjenta imponerte i midtsommartravet.

Skrevet av Sverre Sævareid,  17.06.2012
Artikkelbilde
Eldjenta og Bjørn Garberg

Av dei 8 som starta frå Stjørdal vart det vallaken til Tor Unsgaard, Naipin Surprise som fekk beste plassering.

Han tok føringa i løpet etter førsterunden og leia lenge. På oppløpet kom Carmela's Wallet, hoppa til Bjørn Lamøy, etter Gidde Palema. og gjekk forbi like før målstreken.

Det var likevel den 3-årige hoppa til Annelise Wara og Jørgen Midtlyng, Eldjenta, som nok ein gong imponerte mest. Ho fekk slett ikkje noko perfekt løp, og vart sjenert  av hestar som galopperte to gonger. Første gongen fekk ho sjølv ein liten galopp, men heldt seg elles i trav,- og kom i mål som nr 4, - til ny bestetid: 31,4. Sigeren gjekk til favoritten Norheim Svenn.

Bagpipe gjekk og brukbart løp, men rakk ikkje lenger enn til ein femtepremie.

Folkehesten, Touched By An Angel, vart stroken. Ingen av dei andre som starta fekk premie.