Generalforsamlinga sa Nei til sal av Leangen no

Skrevet av Sverre,  19.10.2013

 

Generalforsamlinga i Stjørdal travsportforening sa nei til sal på møtet i travhytta i går kveld.

Vel 20 % av medlemane hadde møtt fram. DNT sitt sentrale Medlemsregister vart nytta ( testa ut) ved innkallinga, - og vi rakk ut til  85 % av medlemane slik. 15 % måtte få brev i posten.

Det vart ein livleg debatt, der både mange og gode argument kom fram.

64 % stemte nei 36% ja.

Argument til støtte for sal var:

Det er trygt å selge slik forbundstyret føreslår.  Vi vert då sikra eit nytt,godt og gjeldsfritt anlegg

Løpsbanene på Leangen er skadeleg for hestane, - og har ikkje potensiale for forbetringar. Det er såleis ingen grunn til å vente med sal.

Dette er siste sjanse for sal. Vert ikkje Leangen seld no vil han ikkje bli seld i framtida heller.

Argument mot sal var:

Vi har ikkje godt nok underlagsmaterial for å ta stilling til sal enno. Både Leangen og dei andre alternativa må utgreiast  på ein kvalitativt betre måte før vi kan ta stilling til spørsmålet. Like eins skattespørsmåla bør avklarast.

Når 2/3 av forventa inntekt til travet i framtida truleg vil kome frå andre kjelder enn toto- spelet, vil Trondheim stå fram som meir atraktivt enn omlandet med sikte på å få slike inntekter. Det trengst difor eit langt meir omfattande arbeid enn det som til no er lagt ned for å undersøkje kva potensiale Leangen har for å dra til seg slike inntekter.

 Den viktigaste faktoren i banespørsmålet er at den nye banen skapar maksimalt økonomisk overskot.  Om vi forhastar oss og sel Leangen kan vi tape inntekter travet sårt treng.

Argumentet om at dette er siste sjanse for sal av Leangen stod fram som uforståeleg. Leangen har enno ikkje vore lagt ut for sal, - og  verdien på tomta stig. Det er slik sett ingen grunn for å forhaste seg.

Også punktet om overføring av middel til regionbanane vart kommenter. Orda ”tilstrekkelige midler” er så  lite konkrete at dei står fram som tome løfte.

Personleg er det mi meining at dette punktet i vedtaket inviterer laga kring regionbanane til å skifte fokus bort frå hovedspørsmål om å få eit best mogeleg anlegg  for regionen Midt-Noreg, til å tenkje meir lokalt på kva som tener deira eigen regionbane.

At styret slik inviterer til kortsiktige perspektiv finn eg galt.

Spørsmålet om Nye Leangen bør sjåast i eit langt perspektiv både i tid og rom. Spørsmålet er kva som tener regionen på lang sikt. Ikkje kva som kan gje mest pengar kortsiktig.