Nye Leangen i Malvik?

Skrevet av Sverre Sævareid,  06.12.2012

På eit møte i region nord av Midt-Norge Travforbund på Nossum i kveld var dei fleste travlaga møtt fram for å drøfte «Nye Leangen».

Framlegget frå prosjektgruppa om å plassere det nye travanlegget i Klæbu eller Melhus fekk lite støtte. Region nord har heile tida meint at anlegget bør plasserast i eit område med forventa stor verdivekst. Då vil eit anlegg i Malvik kommune stå fram som det mest aktuelle.

Prosjektgruppa har ikkje funne noko egna område i Malvik så langt. Region nord meiner ein bør arbeide vidare med å finne eit slikt område. På møtet fortalde ein deltakar at han hadde vore i kontakt med fleire grunneigarar som var villige til å selge grunn i Malvik. Han hadde og vore i kontakt med styresmakter på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.- Og møtt positive signal på eit travanlegg der. Dette ville vere i eit område med heilt annan tomtepris enn det som har vore framme før.

Møtet fann innlegget såpass interessant at ein gjekk inn for at det vart sett fram som eit mogeleg alternativ i tillegg til dei ifrå prosjektgruppa.

Vidare føreslo møtet at saka om Nye Leangen burde opp på generalforsamlingane  rundt om i regionen.