Påsketrav i inn- og utland

Skrevet av Sverre Sævareid,  04.04.2012
Artikkelbilde
Trons Pila prøver få meir laurbær i Gavle 1.påskedag

Berre to av hestane frå laget stiller opp i påsketravet på Leangen 1.påskedag Marmorjenta og Leo Even

Vallaken til Miguel Borrego skal ut alt i første løp. Denne gongen med Odd Arne Kjøsnes som kusk. Det er ein kusk som kjører fleire løp. På den andre sida har Leo Even gjort framsteg i alle sine siste startar. Det er eit gamalt munnhell at ein endrar ikkje på eit lag som utviklar seg godt saman. Men spennande blir det.

I siste løp skal hoppa til Sigmund Hansen ut. Som vanleg med Arne Nilsen i sulkyen.
Marmorjenta har ikkje fått premie på Leangen sidan september i fjor. Få trur på premie no og.
 
Større håp knyt det seg til Jon Olav Dahlø, - som sender hestane sine til Sverige i påska.
Elve Prinsen skal trave i Østersund skjærtorsdag og Prons Pila i Gavle på 1.påskedag.
Noral Brækken skal kjøre.
God påske.