Skrevet av Sverre,
16.10.2013
Pondus og Arne Nilsen vinn kvalifiseringa til hesteeigarkanna som han vil
Det var liten tvil om kven som skulle vinne kvalifiseringa til hesteeigarkanna då oppløpet starta i siste løp på Leangen måndagskvelden
Frå eit vanskeleg utgangspunkt heilt bakerest starta han opphentinga på siste langsida. Konkurrentane vart statistar då Pondus for forbi dei før svingen, - og mot mål var han suveren.
Pondus har kjørt inn over 450 tusen til eigar, Sigmund Hansen, i år. Det er snart dobbelt så mykje som i fjor.
Husankongen fekk eit fint løp av Jomar Blekkan. Det rakk likevel ”berre” til andreplassen. Snonsøy Elda var i ein klasse for seg.
Bagpipe og Frode Husbyn gjekk offensivt til verks og leia lenge løpet sitt. Mot mål hadde han brukt for mykje krefter, - og enda som nummer fem.
Pearl Princess nådde ikkje fram til premiefatet.