Pondus og Alfalfa til start i V 75

Skrevet av Sverre Sævareid,  13.04.2012

På laurdag er det V75-kjøring på Leangen.  Men før V 75-løpa skal folkehesten, Touched by an Angel, prøve å kvalifisere seg i vårserien for 3-åringar. Det skjer alt i løp 2. Feltet er hardt, så om det ikkje har skjedd store endringar, er sjansane små. Men store endringar er ikkje uvanlege for unghestar.

Sjansane for topplassering er heller ikkje store for Alfalfa.  I dette løpet er Ultimate Lindy og Frode Hamre, i særklasse. Men det møter og mange andre gode hestar, så jamvel om Midtlyng/Wara har fått Edvard Kristiansen til å kjøre denne dagen, så må dei vere nøgde med premie.

Større sjansar har Pondus. Arne Nilsen kuskar som vanleg. Prins Juventus-sonen, Prins Tom, er favoritt, men hingsten til Sigmund Hansen har gode sjansar til å tevle langt framme i feltet.