Skrevet av Sverre,
15.01.2014
Pondus vann flest (13) travløp i Noreg i 2013
Hestestatestikken har kome. Han synte at hestane i laget har trava inn 2.026.092 kroner, - noko som er rekord.Det er første gongen vi er over 2 mill. innkjørt.
Pondus, som vart den mestvinnande hesten i landet i 2013, vann 13 løp og kjørte inn 597062 kroner åleine. Som nummer to av kaldblodshstane kom Eldjenta, med 495249. Deretter kom Husankongen, Marmorjenta, Trons Pila og Leo Even.
Av varmblodshestane var det F X Pips som tente mest:284.000, så kom Bagpipe med 78503. Deretter Bye Bye Baby, Rommy F H, Confidensce Brandi og Sunny Beckflower.
Styret i Stjørdal travsportforening vedtok at pokalen for beste kaldblods skal gå til Pondus, som er eigd av Sigmund Hansen. Han eig og Marmorjenta.
F X Pips, eigd av Leif Husbyn får pokalen for beste varmblodshest.
Styret fann det rett å dele ut ein ekstra pokal i år. Vi kalla pokalen Årets bragd, - og gav han til Eldjenta, eigd av Annelise Wara og Jørgen Midtlyng. Eldjenta vann finalen i hoppederbyet i Østersund 2.august 2013.