Pondus og FX Pips vann på Leangen i kveld

Skrevet av Sverre ,  02.09.2013
Artikkelbilde
Her vinn F X Pips 19 august

Pondus var favoritt, og måtte kjempa om seieren i kveld, men han vann med ein tidels sekund på nr to, Even Oliver.

Dette var den 10 seieren til Pondus i år, - og han har kjørt inn godt over 400 tusen til eigar,Sigmund Hansen.

F X Pips er ei 5 år gamal hoppe, eigd av Leif og Tove Husbyn. Ho er halvsyster av Bagpipe og vert trena og kjørt av Frode Husbyn. Ho starta første gong 19 august, og vann då og. Frode la seg langt bak i feltet, og starta langspurten på siste bortre langside. Vann suverent.

Becky Sunflower vart nr 7 i same løpet. Ho låg lenge bak leiaren i løpet, men klarte ikkje halde posisjonen sin på oppløpsida.

Bagpipe vart stroken frå sitt løp.

Ddei andre som starta frå oss fekk ikkje premie i kveld.