Pondus sin tredje strake seier.

Skrevet av Sverre Sævareid,  03.09.2012
Artikkelbilde
Pondus og Arne Nilsen tok i kveld sin 7 seier for i år

Favorittstempelet stod ikkje i vegen for Pondus i kveld. Han tok sin sjuande seier for året og har til no i år kjørt inn over 175 tusen, og over 330 tusen totalt, til stall Turid-Laila. Pubvertinna frå Pondus-bladet har all gunn til å vere nøgd med omsettinga i år. Det same «pub-eigar», Sigmund Hansen.

Husankongen, eigd og kjørt av «Magic Johnsen» vann og sitt løp like suverent som sist. Dei starta varsamt og tok seg gradvis framover inne ved lista. På siste bortre langside gjekk Harald Johnsen ut med hesten sin og derifrå og inn var det berre ein hest i banen.

Bagpipe trava to løp i kveld. Hege Morken jaga etter seieren først på oppløpet, men nådde ikkje fram og måtte i staden kjempe for å klare andreplassen.
Likare gjekk det ikkje med Frode Husbyn heller. Han og jaga etter seieren på oppløpet, men fekk andreplass med minst mogeleg margin i sitt løp. Fantom Rols vann begge løpa.

WM UTOPIA gjekk sitt første godkjende mønstringsløp. Eigaren, Annelise Wara kjørte.

Elles fekk Lykkelandets Oscar andreplass i sitt løp. Hegras Sokken fekk 4.plass