Pondus skuffa ikkje

Skrevet av Sverre Sævareid,  15.04.2012
Artikkelbilde
Pondus og Arne Nilsen kjempa om seieren i går

Pondus var med og skapa spenning på Leangen i går. Mykje folk var samla, sola varma og banen var god. Som vanleg vart det både dramatikk og spenning. I første løp galopperte Naipin Surprise i debuten som montehest. Han vart diska.

Det same vart Alfalfa i sitt løp. Han galopperte straks løpet starta og vart diskvalifisert.

Betre gjekk det med Folkehesten. Frode Husbyn gav han, som vanleg, eit «smygløp». Denne gongen som nummer to, seinare tre, inne ved lista. Touched By An Angel hadde til tider vanskar med å halde tempoet i feltet, men kjempa tappert og kom til mål til ny rekord:18,3, over full distanse, - og til sin første premie. Det er all grunn til å vere nøgd med utviklinga til Folkehesten.


Pondus var likevel hesten vi kunne vente oss mest av i går. Og Pondus skuffa ikkje. Arne Nilsen kjørte offensivt. Alt etter første runden var han framme som førstehest i andre spor. Han trykka og trykka på leiarhesten heile siste runden.På oppløpet var han først, men Kremlinn og Liv Jorunn Lund, kom tilbake og vann, såvidt det var. Pondus vart nummer to, - og eigaren,Sigmund Hansen, fekk 25000 inn på kontoen.Tida 27,6 er ny rekord for løp med voltestart.

Vi gratulerer