Pondus suveren

Skrevet av Sverre Sævareid,  04.03.2013
Artikkelbilde

Arne Nilsen la Pondus i tredje spor frå starten av løpet. La seg så ei stund som andre i andresporet, før han runden før mål kom opp i «dødens». På siste bortre langside gjekk Pondus i tet. Herifrå og inn auka han leiinga, og seieren var klår ved målpassering. Dette var ei framvising av styrke, - eller pondus, om ein vil.

 

Ikkje uventa vart det ikkje fleire premiar til «våre» hestar i kveld. Jørgen Midtlyng var likevel nøgd med innsatsen til «Alf», som kom i mål som første utan premie. Sportsleg var det ein god prestasjon, som lovar bra for vidare framgong.