Skrevet av Sverre,
30.03.2014
Ugottago er favoritt på Leangen måndag
Den største favoritten frå dalføret på måndag er Ugottago. Vallaken til Morten og Arne Dretvik har ein første og ein andreplass frå Biri, - og har sett rekord i år på tida 14,5. Han står fram som favoritt.i det første løpet sitt på Leangen i år.
Pondus har ikkje nådd heilt fram til seier i år. Han har likevel vist fin form, så sjansen for triumf er til stades
Elles startar Aas Ylva på ny. Hoppa til Roar Velva og Siw Mæhre imponerte i den første starten. Vil ho halde fram å imponere ?