Pondus toar på Bjerke. Husankongen startar på Leangen laurdag.

Skrevet av Sverre,  21.11.2013
Artikkelbilde
Pondus og Arne Nilsen fekk 2.plass på Bjerke i går

Pondus gjekk eit nytt godt løp på Bjerke, men rakk ikkje heilt fram denne gongen. Men andreplass er heller ikkje dårleg i det selskapet. Premien vart 25000 kroner.

Husankongen er ikkje tippa favoritt i Herman Nilsen sitt æresløp  på laurdag. Ein kan likevel ikkje avskrive han, - og han er tippa som mogleg vinnar. Jomar Blekkan kjører.

I første løp startar Høiby Torøna på ny. Bjørn Grande skal kjøre hoppa til Kristin Sundt.Ho er ikkje tippa langt framme.

Roar Walsøe skal kuske Becky`s Sunflower i 4 løp. Heller ikkje hoppa Annelise Wara eig og trenar trur ein vil kjempe mellom dei framste.

Sist ut av våre er Bye Bye Baby. Frode Husbyn kjører sjølv hoppa som Leifane Husbyn og Hastadklev eig.Her er det større tru på god plassering

Confidence Brandi gjekk godkjendt prøveløp på Leangen 18 november. Tida vart 21,6. Kusk var Edvard Kristiansen. Confidence Brandi er fødd i 2009 og eigd av brørne Leif og Nils Olav Rønning.Gratulerer.