Skrevet av Sverre Sævareid,
26.11.2012
Pondus kom tilbake med ein ny seier i går. Han gjekk eit svært langt og tungt løp, med mange tredjespor. Likevel kom han mellom dei første ut på oppløpet og gjekk inn som klar vinnar.
Pondus er no den 5-åringen som har vunne flest løp på Leangen i år. Han gjekk med seieren i går forbi Solør Stegg. Men Husankongen pustar begge desse i nakken, - så vi veit ikkje sluttresultatet før året er omme.
Trons Pila, hoppa til Jon Olav Dahlø og Birgit Venn, er og tilbake i form. Ho vann eit hoppeløp i Gavle nyleg. Les meir.