Skrevet av sverre,
26.03.2013
Sjølv om Pondus var stor favoritt minna Arne Nilsen om at Pondus ikkje er sprintar, - og dette er eit kortløp. Men Pondus fekk ein rimeleg god start, og låg som fjerde på startsida. Ut på første oppløp starta han hente inn dei framfor seg, og i siste sving var han i tet. Då var kampen over. Ingen kunne true han på oppløpet. Nok ein triumf for eigar Sigmund Hansen.
Alfalfa starta sist, og vart liggande der til han kom på siste bortre langside. Ein galopp framfor han hindra han ein del. Det vart dryge spor i siste sving og på oppløpet gjorde han sitt beste, - men det var akkurat for kort til sistepremien. Surt for eigarane Annelise Wara og Jørgen Midtlyng, - og for Tonje Langsæter, som var kusk.
Husankongen kom bokstavleg tala, skeivt ut, etter galopp framfor seg på oppløpet, - og vart diska.