Skrevet av Sverre,
16.10.2014
Dei siste skal bli mellom dei første kan ein lese i Bibelen. Men orda handlar ikkje om livet i denne verda. Likevel, for ikkje lenge sidan skjedde det med Confidence Brandi. Ho var tippa sist, men vann løpet.
På måndag er både Leo Even og Ability tippa sist....
Best tru har ekspertane på Rommy FH. Hoppa vert kjørt av Jomar Blekkan denne gongen og.
Funny Filiokus startar i same løpet som Ability. Ho vann ei lokalkjøring nyleg, og er tippa lenger framme. Hadde vore artig å få sjå Øyvind Wagnild sitt seiersrituale på måndag.