Skrevet av Sverre Sævareid,
21.01.2013
For Husankongen såg det lenge bra ut, men det beit ikkje på slutten, slik det brukar. Storsjarmøren frå Markabygda gjekk forbi på oppløpet, og jamvel Hongslo Gutten sneik seg framom på målstreken.
Harald Johnsen måtte ta til takke med 3.plass.
Betre gjekk det ikkje med Leo Even, som han også kjørte. Han fekk galopp kort tid etter starten, og hamna sist i feltet. Han hadde heller ikkje mykje krefter att på slutten, men karra seg inn til sistepremien.
Det vart dagens premiefangst.