Skrevet av Sverre Sævareid,
18.10.2012
Husankongen og Harald Johnsen er favorittar mandag
Sjeldan har hestane frå laget vore slik i vinden som denne mandagen. I tillegg til at Bagpipe og Husankongen er ”bankers” i V-5-spelet er Pondus gjort til førstevalet i sitt løp.
Så spørs det om dei klarar leve opp til dei store vonene.
Husankongen er kan hende den største favoritten. Han har, saman med eigar, trenar og kusk: Harald Johnsen 3 førsteplasssar og ein andreplass dei fire siste startane. Sjølv om motstanden er noko hardare mandag, er han skyhøg favoritt.
Frode Husbyn har i tillegg til Bagpipe med seg Folkehesten: Touched By An Angel og Lykkje Tufs til Leangen. Men det er berre Bagpipe som har vinnarsjanse.Frode uttalar at han vil vere godt nøgd om han får premie med dei to siste.