Spang Draupner best på mandag ?

Skrevet av Sverre Sævareid,  31.05.2012

Fem hestar startar på Leangen mandag. Først ute er Folkehesten:Touched By An Angel. Han møter hardare motstnad enn sist, då han overraskande vann. Frode Husbyn har gitt taumane til Atle Solhus i dette løpet. Spennande å sjå om han klarar få folkehesten til å yte meir.

I 6.løp startar Spang Draupner. Hingsten etter HG Balder er tippa toar, etter Tverdalsjora.
Edvard Kristiansen kjører som vanleg for eigaren, Ruth Auran.

Så kjem Alfalfa. Han møter tøffare motstand denne gongen, og er ikkje vurdert til å ende langt framme. Men travløp er travløp. Edvard Kristiansen skal prøve seg på nytt som kusk. Han jaga hesten i gallopp sist, men har vonleg lært av det.

Lykkje Tufs, valakken til Frode Husbyn skal ut i det siste løpet.Frode kuskar sjølv. Eksperttipparane har lita tru på ekvipasjen.

Det same må seiast om Lykkelandets Oscar og Arne Nilsen, som startar i det 9.løpet.

 

Elles skal Pondus og Trons Pila prøve seg i V 75 på Biri laurdag. Men heller ikkje dei er tippa mellom dei framste....