Skrevet av Sverre Sævareid,
01.11.2012
I fylgje norrøn mytologi var ringen Draupner ei kjelde til stor rikdom. Det same er oljeplattforma som ber same namnet. Spang Draupner har ikkje vore same gullgruva for eigaren; Ruth J Auran. Den fireårige hingsten har i alt sprunge inn 52 tusen, men sett i forhold til kor mange gonger han har starta er statestikken god.
Denne gongen startar han i DNT sin unghestserie, med Arve Sjoner som kusk. Trav og Galoppnytt tippar han på andreplass, etter favoritten;Alsaker Elfaks.
Elles skal Pearl Princess og Ødeli Blessen starte, men det er ikkje venta at dei vil hevde seg mellom dei framste.
Lena Valstad tok turen til Bjerke onsdag. Mai Elena starta i Finalen i Polar Pulsmålers Amatørløp.
Dette løpet enda med ein fin 3.plass for Mai Elena, - og seier for Lykkje Svarten og Thomas Mjøen.