Spang Draupner vart best !

Skrevet av Sverre Sævareid,  04.06.2012
Artikkelbilde
Spang Draupner og Edvard Kristiansen vann på Leangen i kveld

Spang Draupner og Edvard Kristiansen tok leiinga frå start og låg først også då målstreken vart passert.  Den første km vart sprungen på  1,34. Aas Lynet låg då i andresporet og pressa. Då han trøytna kom favoritten,Tverdalsjora, men han nådde ikkje fram. Det gjorde heller ikkje HG Jo og Jomar Blekkan, som lenge hadde trava  bak Draupner. Vinnartida vart gode 32,1.

Folkehesten, Touched By An Angel, starta offensivt med  Atle Solhus som kusk. Dei tok teten frå spor ein. Denne plassen heldt han til 500 meter stod att av løpet. Då var kreftene slutt, og han kom i mål utan premie denne gongen. Det var friskt satsa.

Lykkelandes Oscar fekk 6.premie i sitt løp, medan Alfalfa vart første utan premie.