Styret seier nei til sal av Leangen

Skrevet av Sverre,  29.09.2013

Styret i Stjørdal travsportforening vedtok på møte i kveld å kalle inn til ekstraordinær generalforsamling fredag 18 oktober kl 19.

Einaste sak på møtet vert spørsmålet om sal av Leangen travbane.

Styret rår møtet til å stemme nei.

 Klikk på linken til høgre for å lese innkalling og saksdokument.

 

Det florer mange rykte om gull og grøne skogar for travsporten dersom Leangen vert seld,

Det som er sikkert er at uansett kor ein leitar vil vi ikkje få ei tomt som er meir verd enn det vi har. Heller ikkje ei som vil vekse i verdi like mykje.

Det som er heilt avgjerande for travsporten er at travanlegget går med solid økonomisk overskot.

Berre då kan det skape gode vilkår for sporten i regionen.

Vi meiner det først må vurderast grundig om vi kan nytte ut dei store verdiane som ligg i anlegget før vi eventuelt går til sal..

Styret meiner forslaget om vidare drift av anlegget ikkje er seriøst vurdert av korkje styringsgruppa eller styret i MNTF.