Skrevet av Sverre Sævareid,
29.03.2012
Touched By An Angel i sitt første totoløp på mandag
På mandag er det dei unge og håpefulle som skal ut på Leangen. Først ute er Folkehesten, Touched By An Angel, i løp nr 4. Då skal hoppa gå sitt første ordinære løp. Ho startar i spor ein. Frode Husbyn skal kjøre. Say Superb, kuska av Atle Solhus er klår favoritt. Elles er det eit ope løp.
Ope er og det andre 3-årsløpet, der Eldjenta, eigd av Annelise Wara og Jørgen Midtlyng, skal gå. Bjørn Garberg skal kjøre.
Ein annan hest til Wara/Midtlyng, Ardvinna, skal og starte. Ho vert kuska av Ragnhild Bjørnbeth Her er Prins Tom favoritt, men det og er eit ope løp. Lykkelandets Oskar (Hege Skei) er og med i dette feltet. Arve Sjoner kjører.
Anne Guro Dahle startar alt i første løp. Også denne gongen har ho fått ein hest få trur kan vinne; Pave Eldvira. Med eit godt løp kan ho kanskje klare premie.
Små sjansar har og Zylona Z, kjørt av Odd A Kjøsnes.
Naipin Surprise (Tor Unsgaard) skal og starte. Kjøsnes kjører, som vanleg.