Tre andreplassar

24.12.2013

Både Husankongen og Confidence Brandi enda som nummer to i går.

For Husankongen var dette ein nedtur, medan Confidence Brandi heile tida klatrar høgre og høgre på premielista.

 

Det var Gjørv Prinsen som noko uventa vann løpet til Husankongen. Gjørv Prinsen, som er oldebarn av Guri Malla frå Skatval, tok tidleg leiinga i løpet. Husankongen hadde ingen sjanse til å gå forbi på slutten.

Andreplass vart det og for F X Pips og Frode Husbyn på Bjerke. F X Pips var nok beste hesten i feltet, - men målstreken kom nokre meter for snart. Dei fekk same tid som vinnaren.

Høiby Torøna fekk sin tredje sistepremie. Det var uventa for dei fleste.

Alt i alt vart det mange overraskingar,- og berre ein hadde rett V 5.