Tre frå Frode startar på mandag

Skrevet av Sverre Sævareid,  19.04.2012
Artikkelbilde
Frode Husbyn stiller med 3 hestar frå stallen sin mandag

På Leangen mandag, startar 5 av hestane som er knytt til laget. I tillegg Naipon Surprise, som står på stallen til Frode Husbyn.

Eldjenta, 3-åringen til Annelise Wara og Jørgen Midtlyng skal ut alt i første løp. Arne Nilsen, som skal kuske, vurderer sjansane for seier til å vere små, men meiner ho elles kan kjempe langt framme. Gikling Lomeo og Sterkar skiljer seg ut som store favorittar.

I 4.løp skal Lykkje Tufs prøve lukka. Vallaken til Frode er etter Elding og sjansane for god plassering vurderest  til å vere gode.

Verre vert det truleg for Ardvinna og Høiby Balder, som skal ut i det  6. løpet. Det vil verte god gevinst på dei som satsar pengar på dei, - OM dei skulle vinne. Schuvablessa er favoritt.

I det siste løpet, som er eit moteløp, skal Naipin Surprise prøve seg på ny. Det vart galopp sist. Der vert spennande å sjå koss det går om han held seg i trav. Han er tippa på trippelen.

Den tredje hesten til Frode er Bye Bye Baby, ei 3-års hoppe (halvsyster til Bagpipe), som skal gå prøveløp

Elles vart det fjerdeplass for Elve Prinsen under lunsj -travet sist tysdag.