Skrevet av Sverre,
07.03.2013
Trons Pila, Husankongen og Leo Even startar på Leangen mandag. Det vert spennande å sjå att Trons Pila etter turen til Paris. Om ho spring like godt som der er det ingen som kan true ho, sjølv om ho møter hard motstand.
Husankongen møter att Hongslo Gutten. Sist vart han redda av galopp for gutten. Men andre kan og blande seg inn i kampen om førsteplassen denne gongen.
Også Leo Even er tippa mellom dei framste. Vallaken til Miguel Borrego får ny kusk mandag: Atle Eggan. Så får vi sjå om han har godt lag med «løva.»
Lykkelandets Oscar skal og starte, men det vil overraske om han får premie denne gongen.
Marmorjenta, hoppa Sigmund Hansen har i trening hos Jan Martin Bjerring, skal starte i V 75 på Sørlandet laurdag. Det vil ikkje overraske nokon om det vert ny V-75-triumf der.