Skrevet av Sverre Sævareid,
10.01.2013
Vinn Trons Pila Egil Alnæs æresløp i år og?
Laurdag er det V-75 kjøring og Jackpot på Leangen. Tre frå dalføret startar.
Størst sjanse for god plassering har Trons Pila. Den 9 år gamle hoppa til Jon Olav Dahlø og Birgit Venn startar i Egil Alnæs æresløp. Ho er i god form og tippa mellom dei 3 – 4 beste. Noralf Brækken kjører.
Bagpipe, som kjørte inn mest pengar på Leangen i fjor, vil denne gongen starta i gulldivisjonen og møte hestar som er betre. Frode Husbyn, som både eig, trenar og kuskar hingsten, seier til Trav og Galoppnytt at hesten er i god form og at han ynskjer la han få prøva seg i dette selskapet. Han vil ligge bak i feltet og sjå kor langt fram han rekk i spurten.
Mai Elena startar i hoppecupen. Den 7 år gamle hoppa til Lena Valstad hadde ein god sesong i fjor. Gunnar Austevoll kuskar. Det har han gjort fire gonger før. – Og har fått premie alle gongene. Denne gongen møter dei mange andre særs gode hopper,- så vi må vere nøgde om det vert premie.