Vårslepp på Leangen måndag

Skrevet av Sverre,  12.05.2016
Artikkelbilde
Frode prøver Bagpipe 2.pinsedag

Våren kom seint i år. Få av våre har vore å sjå på Leangen enno.

Men måndag vert det annleis. Då er 4 melde, i tillegg til Folkehesten,Gull Odin. Denne gongen kjørt av Kai Johansen.

Men først ute er Buvoll Kos. Hingsten til Lasse Rostad gjorde det bra i debuten, men han har gjort kuskebyte. - Og ikkje fylgt det gamle rådet om ikkje å endre på eit vinnande lag. På den andre sida er Odd Arne Kjøsnes eit spennande kuskeval.

Så kjem Mølleslettens Linna. Ho og med ny kusk. Men ho har ikkje gjort det så bra, så her er bytet meir naturleg. Kan hende Andre H Stensen klarar få fram de beste i ho.

Dei to siste skal starte aller først: i prøveløpet. Seaborn Titanic og Bagpipe frå stallen til Frode Husbyn startar der. Eline Hernes kjører sin hest, og Frode sin.

Så måndag er det ekstra god grunn til å dra til travbanen.