Vinner Vilja vann

Skrevet av Sverre,  17.12.2013
Artikkelbilde

Den 6-årige hoppa til Oddvar Steig, Vinner Vilja, levde endeleg opp til namnet sitt, - og tok sin første seier på Leangen i går. Hoppa har hatt ei fin stigning i karrieren sin. 2011: 5 tusen, 2012 10 tusen, - og i år over 40 tusen innkjørt. Vinnarviljen kjem tydlegare til uttrykk med alderen.

Ho sette og ny rekord på 32,9. Kusk var som vanleg, Andre H Stensen.

Elles starta  Frode Husbyn med to frå stallen. Det gjekk ikkje så bra som ein kunne håpa. Rommy F H leia lenge løpet, men trøytna mot mål, fekk gallopp og vart diskvalifisert, som nr 5 over streken.

Creeks Brave vart og numer 5, - utan gallopp.

Leo Even fekk seg og ein ny premie.Harald Johnsen kjørte.