Hesteutstillinga på Dyrsku'n har utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterar hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku!
Pengepremiar 2014
Telemark travforbund og Telemark hesteierforening gjev følgjande pengepremiar til travhopper:
1. premie hoppe med avkomstgruppe kr. 15.000,-
1. premie kr. 10.000,-
2. premie kr. 5.000,-
3. premie kr. 1.000,-
Pengepremie ved 1. gongs premiering.
Ved høgare premiegrad oppnår ein ny pengepremie.
2-års travhest som blir stilt i kvalitet: Nr. 1: kr. 5.000,-
Nr. 2: kr. 3.000,-
Til andre: kr. 1.000,-
Dyrskuprisen går i år til beste hest på Dyrsku'n.
Årets hesterase er Dølahest - beste hest mottek gåvepremie og pengepremie på kr. 5000,-
Eigenerklæring
Alle som stiller hest på Dyrsku'n må levere eigenerklæring. Skjema for eigenerklæring finn de her.
- Nydatert eigenerklæring skal leverast saman med gyldig vaksinasjonsattest (vaksinasjonskort) til kontrollør på Dyrskuplassen før hesten blir lasta av.
- Eigar/trenar er ansvarleg for at eigenerklæring og attest er utfylt og blir framvist i samsvar med reglane.
- Det er ikkje tillate å laste hesten av transportmiddelet før kontrolløren har gått gjennom og godkjent dokumentasjonen.
- Dersom papira ikkje tilfredsstiller reglane, eller dersom hesten ved klinisk undersøking gjev mistanke om smittsam sjukdom, vil hesten bli nekta tilgjenge til stemneområdet.
Vaksinasjon i h.h.t. Norsk hestesenter sine reglar: To inj. med 4 - 6 vekers intervall innan 12 mnd. (I samband med utstillingar og slepp i fjellhamn blir 1 inj. godteke i perioden 7- 90 dagar før arrangementet)
Køyre-/rideprøve i h.h.t. Norsk hestesenter sine reglar. Køyreprøve kan ein ta på Dyrskuplassen på utstillingsdagen.
Avvising
Det kan bli aktuelt å avvise dersom utstillinga blir fullteikna eller av andre årsaker. Melding om dette blir gitt så snart som råd etter påmeldingsfristen. Nærare orientering til utstillarane kjem i brev om lag to veker før utstillinga.
Påmelding
Hoppeutstillinga og unghestutstillinga har stor pågang, vi må derfor setje eit tak på 80 hestar på hoppeutstillinga og 50 hestar på unghestutstillinga. Det vil seie at dei fyrste 80/50 som blir påmelde kjem med på utstillinga, det er derfor viktig å vera tidleg ute med påmeldinga!
Påmelding blir registrert når innbetalinga er stadfesta av banken.
Påmeldingavgift skal betalast til Telemark Travforbund kto.nr. 2610.15.20926
Hoppeutstillinga laurdag kr 500,-
Unghestutstillinga for 1- og 2-åringar sundag kr 400,-
Hugs å føre på namnet til hesten!
Påmeldingsfristen er 1. august 2014
Norsk Hestesenter
Starum
2850 Lena
Tlf: 61 16 55 14 - faks 61 16 55 40 www.nhest.no
Informasjon
Utstillinga blir gjennomført i regi av Telemark travforbund og Telemark hesteeierforening.
Kontaktperson: Telemark Travforbund
Tore Svendsen
Klosterskogen - onsdag kl. 9 - 15
Mob. 905 85 783 - e-post: dnt.telemark@travsport.no
Nærare orientering om utstillinga blir sendt i brev til utstillarane om lag to veker før utstillinga.
VELKOMEN SOM HESTEUTSTILLAR PÅ DYRSKU'N 2014!