Vellukka lokalkjøyring på Kaupanger Travbane

Skrevet av Marianne Vikheim,  26.04.2017
Artikkelbilde
Ingar Beckham vinner ponniløpet på Kauganger Travbane

2.Påskedag arrangerte Sogn Travselskap travløp på Kaupanger.Det var 31 hestar totalt, fordelt på  kaldblodsløp i ulike gr.lag ,varmblodsløp,ponniløp,brukshestløp,galoppløp og brustøltoppvisning.

Hestane kom frå Voss,Bergen,Sandane og Sogn.

Det var og barneridning i ridehallen .

Bana var rask,noko dei gode tidene viser.

Vi var so heldige å få Jan Gjennestad,den nye leiaren i Vestenfjeldske travforbund, som løpsleiar og det var ein kjempesuksess.Stevnet vart avvikla etter tidsskjema og publikum var engasjerte.

Dei nye bitteplassane vart innvigde den dagen og viste seg å vera eit flott tilskot til bana.

Det vart ny publikumsrekort og tilbakemeldingane i ettertid er gode.

Vi satsar på eit nytt travløp til hausten og håpar endå fleire vil ta vegen til Kaupanger Travbane.

Sogn Travselskap

 

Resultatlisten finner dere her