Norsk Fjordhestsenter har den glede å invitere til kurs i trening og førebuing av hest til sport og utstilling på hesten sine premissar. Kurset er på Norsk Fjordhestsenter laurdag og søndag 1. og 2. november 2014. På programmet står tema som hestens fysiologi og psykologi, og korleis best førebu seg til konkurranse/utstilling. Kor lang tid ein treng for å nå toppforma og kva utfordringar ein kan møte undervegs. Foredragshaldarar er tre dyktige fagpersonar med lang erfaring innanfor kvar sitt fagområde, så dykk kan sjå fram til eit interessant og kompetansehevande kurs.
LAURDAG 1.NOVEMBER:
09.00 – 09.10
|
Opning av kurset
|
09.10 – 10.15
|
Fornuftig opptreningsprogram for hest med tanke på tid, treningsmengde og ulike øvelsar ved kiropraktor Henriette Svendsen
|
10.15 – 11-15
|
Fysiske og psykiske forhold ved hesten som ein må ta hensyn til ved intensiv trening. Ved veterinær T.Nes Hjelle.
|
11.15 - 12.00
|
Demonstrasjon av helsesjekk ved kiropraktor Henriette Svendsen
|
12.00 – 13.00
|
Lunsj
|
13.00 – 14.00
|
Korleis få ein hov i balanse. Hovslagarmester Odd A. Otterstad
|
14.00 – 15.00
|
Bruk av høghastigheitskamera i hovslagarfaget. Ved Otterstad.
|
15.00 – 15.30
|
Kaffipause med noko attåt
|
15.30 – 17.00
|
Gjennomgang av ulike unghestar med tanke på hovstell, muskulatur og eksteriør.
|
SØNDAG 2. NOVEMBER:
09.00 – 10.00
|
Kva kjenneteiknar ein sunn brukshest? Ved veterinær T. Nes Hjelle
|
10.00 – 10.15
|
Pause
|
10.15 – 11.15
|
Korrigering av hovar på føll og unghest ved hovslagarmester O.A Otterstad.
|
11.15 – 12.15
|
Tannrasp, vaksinering og innvollsnyltarar ved Nes Hjelle.
|
12.15 – 13.15
|
Lunsj og oppsummering
|
Foredragshaldarar:
Veterinær Torbjørn Nes Hjelle
Kiropraktor Henriette Svendsen
Hovslagarmester Odd Anders Otterstad
Kursavgift kr. 750,-/dag (begge dagar kr.1500,-) inklusiv lunsj
Betalast inn til kto.nr. 3790 07 14905 innan 15.10.2014
Påmelding: post@norsk-fjordhestsenter.no
For nærare informasjon ring 578 64 800 eller 480 38 338 (Asle)
Kurset er ope for alle hesteinteresserte!