Kåre Willoch åpner Dyrsku'n 2008

12.08.2008
Artikkelbilde

Tidligere statsminister, Kåre Willoch, er en av talerne under åpningen av Dyrsku'n fredag 12. september. Dermed skulle åpningen være i de beste hender. Det blir masse aktiviteter under Dyrsku'n i Seljord i år.

DYRSKU’N 2008 - 12.- 14. september  
- ein fargerik folkefest

Det heile starta i 1866 då Even Høyesen Nordgarden stilte eit stort område i disposisjon for ein fast Dyrsku i Seljord.  Fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det og andre varer til.  Framleis er Dyrsku'n den store folkefesten der folk frå store delar av landet møtast. Folketalet i Seljord blir mangedobla dei tre hektiske dagane i september, og store delar av Vest-Telemark er involvert på ein eller annan måte for å stille til denne unike folkefesten.

Husdyr og landbruk
Husdyrutstillinga er framleis ”ryggraden” i Seljordutstillinga Dyrsku'n, og er ein viktig arena for å vise fram kva ein driv med i norsk landbruk. Frå mest heile Sør-Noreg kjem utstillarar med husdyra sine. Mange ungar får sitt fyrste møte med dyr på Dyrsku'n. Å få lov til å leie ein kalv blant gamle gardsbygningar på «Sterke Nils»-tunet, kan vere eit minne for livet. Hesteutstillinga på Dyrsku'n har dei siste åra utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet og premiar frå utstillinga heng høgt.

Husdyrutstillinga:
Fredag – dømming av ku, mønstring av ungdom og kyr, kalvemønstring
Laurdag – landsutstilling hopper 
Sundag - geiteutstilling, unghestutstiling
• Husdyrhallen – presentasjon av moderne norsk landbruk 
• Bondens møteplass - presentasjon og informasjon av landbruksorganisasjonane
• Landbrukshallen - landbrukssamvirket presenterer norsk mat
• Småskalamat - sal av bl.a. foredla fisk, kjøtt, bær, urter, mjøl m.m.
• Sterke Nils-tunet – dyrehald og gardsdrift på gamalt vis
• Telemarkskogen - skogbrukets møteplass
• Salsutstillarar - landbruksmaskiner og anleggsmaskiner primært på A,B, C-området

Husflid og handverk
Me ynskjer at Husflidstevlinga Dyrsku’n skal spegle dei rike husflidstradisjonane rundt om i landet. Kvart år sender dyktige handverkarar inn hundrevis av produkt i håp om nå opp i konkurransen. Det er viktig med tradisjonar, men like viktig er også nyskaping. Kor høgt nivået er kan du sjølv sjå  i Husflidshallen under Dyrsku'n, eit imponerande utval av tekstil, vev, sylv, tre og kniv. 

Husflidstevlinga (Hall B) – Noregs største premierte husflidstevling
   Utstilling av NM i smiing
• Særutstilling- trearbeid av Tore Gimle og Liv Blåvarp - hall B
• Utstilling av tekstilarbeid etter Oline Øverland frå V.T.Museum - Gonge-stogo
  Demonstrasjon av gammalt handverk og husflid - Sterke Nils-tunet
• Salsutstillarar - husflid og handverk primært på område H og i hall A


 

Kultur og folkeliv
Her kan du oppleve teater, song og musikk, løglege soger og slåttespel. Dersom du så treng ein pust i bakken, finn gjerne vegen til Telemarkskogen og ta ein kaffekopp ved bålet.

• Spelstykke og tidsbilete - Fjoset/Sterke Nils-tunet
• Soger, dans, song og musikk - rundt om på utstillingsområdet
• Bryllupsfest m/smiing i ”hymens lenker” - Sterke Nils-tunet
   Kunstutstilling - Loftet
• Tivoli - F-feltet


Handelsmessa

Salsmessa på Dyrsku'n er ei av dei beste salsmessene i landet. På det 120 mål store området får 550 utstillarar høve til å vise fram produkta sine til nærare 80 000 besøkande. Særleg innan landbruket blir det knytta kontaktar og signert kontraktar for mangfoldige millionar under dei tre Dyrsku-dagane. Salsmessa viser fram varer av alle slag frå inn- og utland.

Opningstider:
Dyrskuplassen 08.00 – 20.00 (18.00 - sundag)
• Husflidsutstillinga 09.00 – 20.00 (18.00 - sundag)
• Gonge-stogo 09.00 - 18.00 (17.00 - sundag)

Billettprisar:
Dagbillett:
Vaksen frå 16 år kr 120,

Born frå 6 år til og med 15 år     kr   50,-


3-dagarsbillett: 
Vaksen frå 16 år kr 330,-
Born frå 6 år - til og med 15 år    kr 130,-


Dyrskuradio – Hjalarhornet Radio tlf. 35 06 57 90

Minibank – Hall B og Husdyrhallen

Arrangør
DYRSKU’N ARRANGEMENT AS
Nordbygdivegen 60 
3840 Seljord
telefon 35 06 57 70 / telefaks 35 06 57 84
e-post: post@dyrskun