07.10.2008
I statsbudsjettet som ble lagt fram i dag er det foreslått å ikke endre totalisatoravgiften på 3,7 prosent. Det er budsjettert med en omsetning på 2 800 millioner kroner for 2009.
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på
totalisatorspel.
I 2007 var den samla omsetninga på totalisatorspel 3 163 mill. kroner. Dette var ein auke på 383 mill. kroner frå året før. For 2009 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2 800 mill. kroner. For 2009 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 105 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga. For å hindre uønskt reklame er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.
Lotteri og stiftelsestilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.