Programmet for Dyrsku'n 11.-13.september er klart.

Skrevet av Kgg,  09.07.2009
Artikkelbilde

 
Klikk her for å laste ned programmet som er rikhaldig og variert, med noko for ein kvar smak.
Vi byr på eit variert husdyrprogram med dyreutstillingar, oppvisingar og nytt av året - veddeløp med smågris.
Kulturprogrammet byr på spelstykke, utstillingar, soger og spel. I år med Dyrskuspel, som er eit samarbeidsprosjekt, mellom Grenland Friteater og Seljordspelet. Spelet viser Dyrsku'n anno 1965.

LANDSUTSTILLING
HOPPER OG UNGHEST 2009
- alle rasar utanom islandshest 

Hoppeutstilling 3 år og eldre: laurdag 12. september

Unghestutstilling 1 og 2 år: sundag 13. september 

Se hele innbydelsen til landsutstillingen her..

Påmelding 

Hoppeutstillinga og unghestutstillinga har stor pågang, vi må derfor setje eit tak på 80 hestar på hoppeutstillinga og 50 hest på unghestutstillinga. Det vil seie at dei fyrste 80/50 som blir påmelde kjem med på utstillinga, det er derfor viktig å vera tidleg ute med påmeldinga!  

Påmelding blir registrert når innbetalinga er stadfesta av banken.
Påmeldingavgift skal betalast til Telemark Travforbund kto. 2610.15.20926
Hopper kr. 400 – Unghest 1 og 2 år kr. 200
Hugs å føre på namnet til hesten!

Påmeldingsfristen er 1. august 2009
Påmeldingsskjema:
www.nhest.no   Eigenerklæringsskjema: www.dyrskun.no Påmelding alle rasar:
Norsk Hestesenter, Starum
2850 Lena
www.nhest.no
Tlf: 61 16 55 14 - faks 61 16 55 40

Utstillinga blir gjennomført i regi av Telemark travforbund og Telemark hesteeierforening.

Kontaktperson: Telemark Travforbund
Tormod Torbjørnsen
Klosterskogen - onsdag kl. 9 -15
telefon: 35 59 28 75 - mob. 909 67 305 - e-post:
dnt.telemark@travsport.no

Laurdag blir det vigsel i Sterke Nils-tunet med prest og smiing i hymens lenker. Husflidsutstillinga viser flotte husflidsprodukt som er sendt inn til tevlinga.
I Sterke Nils tunet kan ein sjå mange spennande tradisjonrike handverk demonstrert. I det nyoppretta Matkvartalet møter ein lokalmatprodusentar som sel eit vidt spekter av matprodukt.

Vi ønskjer velkomen til årets store folkefest !